NOR 193

S/Y Misty Christina

26 august 2008

Tirsdagsregatta 26/8-08
Mannskap: Christina, Alf, Kent og Torodd

Vekslande vindforhold i starten, men me kom oss greitt ut for Ytsøy.
Derfrå var det spinnaker til styrbord runding Hidle. Båten virka betre
i dag på lite vind, etter me har fått flytta litt på masta. Me fekk ein første
plass, som me må seie oss svært nøgde med!

25 august 2008

Håkonarseilasen 2008
Mannskap: Christina, Alf, Kent og Torodd

Strålande sol ved start på lørdagen, men med lite vind fra nord. Dette er ikkje drømmeforhold for oss, så me enda på ein 5 plass overall etter 5 timar og 20min seiling.

På søndagen kom vinden. Det blåste friskt heilt i frå starten. Etter nåkre hektiske minuttar med spinnakerstart, så vart det frisk kryss opp heile Nuen. Sakte men sikkert seilte me i frå hovedfeltet og enda på ein 2 plass overall etter 5 timar og 50min seiling. Sammenlagt vart det ein 3 plass overall i Håkonarseilasen 2008!





24 august 2008

Tirsdagsregatta 19/8-08

Sidan båten ligg på land fram til fredag, så mønstra me på Good Day.
Det vart ein fin seilas med vekslande vindforhold. Me fekk ein fin
start og vann seilasen etter ca 1time og 30min seiling.




18 august 2008

Høstpuss

Sidan båten mangla vårpussen, så tok me den på land no før
Håkonarseilasen og resten av haustsesongen. No skal den få
nytt bunnstoff og ny dekor, samt nytt forstag i rett lengde.



12 august 2008

Tirsdagsregatta 12/8-08
Mannskap: Christina, Beate, Kent, Alf og Torodd

Start fra Leirvik med babord runding Hilde i nord-østleg bris. 6 båtar stillte til start. Me enda på ein 2 plass bak Sundance. Etter oss fulgte Good Day, Serina, Shantynette og til slutt Eide.

03 august 2008

Hidleseiasen 2008
Mannskap: Christina, Ida, Øivind og Torodd

Første regatta i nye båten. Strålande sol og vindstille ved start på Leirvik. Heldigvis tok vinden seg opp til 10m/sek i kasta. Turen gjekk unda på ca 1time og 30min. Me vart nr 2 overall.

Returen på søndagen vart seila med kun Christina og Torodd ombord. Regattaen starta med like lite vind, men også denne dagen tok den seg opp, før det igjen vart vindstille. Me fekk ein 2 plass overall denne dagen også. Samanlagt vart det då 2 plass overall i Hidleseilasen 2008.