NOR 193

S/Y Misty Christina

25 august 2008

Håkonarseilasen 2008
Mannskap: Christina, Alf, Kent og Torodd

Strålande sol ved start på lørdagen, men med lite vind fra nord. Dette er ikkje drømmeforhold for oss, så me enda på ein 5 plass overall etter 5 timar og 20min seiling.

På søndagen kom vinden. Det blåste friskt heilt i frå starten. Etter nåkre hektiske minuttar med spinnakerstart, så vart det frisk kryss opp heile Nuen. Sakte men sikkert seilte me i frå hovedfeltet og enda på ein 2 plass overall etter 5 timar og 50min seiling. Sammenlagt vart det ein 3 plass overall i Håkonarseilasen 2008!