NOR 193

S/Y Misty Christina

19 april 2009

NYHETER

Bloggen forsetter på http://www.averagejoe.no/

10 februar 2009

Nyheter

Då er vår kjære Express solgt, og me går mot ein spennande sesong
i Melges 24!

Les meir her... og her...

24 januar 2009

Prøveseiling Melges 24
Mannskap: Alf, Kent, Erling og Torodd

Det var ikkje dei friskaste forholda i Bergen denne dagen, men me fekk
derimot grundig innføring av rigging av båten. Likevel fekk me eit
lite vindpust med spinnakeren oppe, og båten skøyt fart umiddelbart.
I løpet av veka vil me ta stilling til om det blir satsing i Melges 24
denne sesongen.



02 desember 2008

05 november 2008

Seilmakeren Doublehanded 2009

Misty Christina er påmeldt Seilmakeren 2009. Alf og Kent blir
mannskapet som stiller til start 27.mai. Starten går i fra Askøy
til Skudesneshavn, der det blir pitstop i 3 timer før ein kan starte
på returen. Seilmakeren Doublehanded er vestlandets store
styrkeprøve for seilere!


20 oktober 2008

KM 2008
Mannskap: Kent, Alf og Torodd

Me hadde lånt oss båt i Bergen, og starten gjekk utanfor Askøy
Seilsportsenter. Det vart seila 2 regattaer, der samanlagt
resultat var gjeldande. Me fekk ein fin 3 plass i første og
5 plass i den andre. Det holdt til ein 4 plass totalt!
Me er kjempe fornøyd med resultatet, med tanke på at me
seile ein ny båt, og at det var vår første regatta der me
seilte på bane.

18 oktober 2008

Klasen 2008
Mannskap: Rolf og Torodd

Med frisk bris i frå sørvest vart det kryss opp til Midtsøy. Me
runda først, og tok opp spinnaker. Vindrettningen tok oss då
mot Moster, så me tok den ned igjen for å unngå å jibbe i
den friske vinden. Etter litt fokkeslør, så heiste me igjen
spinnaker ved klasen og deretter strake veien til Eldøy.
Me kom ca 6 min bak Silje som var første båt imål. Det
holdt til en 1 plass i Klasen 2008!

05 oktober 2008

Wartsila Windjammer Race 2008
Mannskap: Alf, Christina, Kent og Torodd

I god Windjammer tradisjon var det gode vindforhold, og helst
litt i overkant for oss. Frisk sørleg bris og aukande utover
seilasen, holdt oss i arbeid i 2timar og 50minuttar.Det holdt
til ein 3 plass og beste start! Ein bedre avsluttning på sesongen
kunne me ikkje ha fått!




23 september 2008

Tirsdagsregatta 23/9-08
Mannskap: Alf, Svenna, Beate og Torodd

Me segla styrdbord runding Hidle. Fin bris i starten, og aukande
til me kom tilbake til Ytsøy. Då vart det vindstille og me brukte
vel 35min fra Ytsøy til mållinja. Me var nr 3 over målstreken,
som resulterte i ein 2 plass overall.



16 september 2008

Tirsdagsregatta 16/9-08
Mannskap: Kent, Beate og Torodd

Start frå eldøy i strålande ver og fin vind. 6 båtar seila
styrbordrunding Klasen. Vinden vart svakare mot slutten,
og ved mållinja var det så og seie vindstille. Me fekk ein
2 plass etter Sundance som vart første båt.



15 september 2008

Fjelberg Rundt 2008
Mannskap: Alf, Christina, Kent og Torodd

7 båtar stillte til start til Fjelberg Rundt. Seilasen gjekk under veldig
vekslande vindforhold og av dei 7 deltakande båtane klarte 4 å koma
i mål innan maksimaltida. Me vann seilasen overall etter 7timar og
51minuttar seiling!






Tirsdagsregatta 9/9-08
Mannskap: Alf, Kent, Beate og Torodd

Me starta i lite vind og bestemmte oss for å prøva oss rundt
hystadøyane. Når me kom til Sponavika kom vinden, og me
utvida regattaen til babord runding Hidle. Det tok ca 1 time
og 30min før me var i mål, og det vart ein 1 plass på oss!

26 august 2008

Tirsdagsregatta 26/8-08
Mannskap: Christina, Alf, Kent og Torodd

Vekslande vindforhold i starten, men me kom oss greitt ut for Ytsøy.
Derfrå var det spinnaker til styrbord runding Hidle. Båten virka betre
i dag på lite vind, etter me har fått flytta litt på masta. Me fekk ein første
plass, som me må seie oss svært nøgde med!

25 august 2008

Håkonarseilasen 2008
Mannskap: Christina, Alf, Kent og Torodd

Strålande sol ved start på lørdagen, men med lite vind fra nord. Dette er ikkje drømmeforhold for oss, så me enda på ein 5 plass overall etter 5 timar og 20min seiling.

På søndagen kom vinden. Det blåste friskt heilt i frå starten. Etter nåkre hektiske minuttar med spinnakerstart, så vart det frisk kryss opp heile Nuen. Sakte men sikkert seilte me i frå hovedfeltet og enda på ein 2 plass overall etter 5 timar og 50min seiling. Sammenlagt vart det ein 3 plass overall i Håkonarseilasen 2008!





24 august 2008

Tirsdagsregatta 19/8-08

Sidan båten ligg på land fram til fredag, så mønstra me på Good Day.
Det vart ein fin seilas med vekslande vindforhold. Me fekk ein fin
start og vann seilasen etter ca 1time og 30min seiling.